• NFVB
  • KONTAKT
  • For Skoleelever
  • For Rådgivere
  • For Lærlinger
  • For Lærebedrifter
  • Om Svenneprøven
  • NFVB
  • KONTAKT
Back
Foto; Jarl M. Garder/NFVB og Kristian Dale

Foto; Jarl M. Garder/NFVB og Kristian Dale

To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

Dei to frisørkjedene Floke og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019, melder Ivar Aasen-tunet. De er begge medlem av NFVB og NHO Service og Handel.
Av: - NFVB
Sist oppdatert: 2019-03-06T12:25:39.0000000Z

Bedriftene får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.


– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i en pressemelding.


Kvar av prisvinnarane får 50.000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.


– Eg har vore oppteken av det nynorske språket sidan eg byrja å lese som sjuåring. Nynorsk er ein viktig del av identiteten min og dermed også identiteten til Floke. Det er ei stor ære å bli heidra med prisen som


Årets nynorskbrukar, for meg personleg og alle mine medarbeidarar i Floke, seier administrerande direktør Irene Stana i Floke. Pengepremien vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til den nye grøne produktserien LYNG, som blir lansert i år. Der vil det nynorske språket vere ein stor del av identiteten til serien.


Årets nynorskbrukar 2000–2019:

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002 Ringstabekk skole

2003 Redaktør Martin Toft

2004 Musikkgruppa Side Brok

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010 Forfattar Maria Parr

2011 Bloggar Linda Sæbø

2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk

2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg

2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand

2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta

2018 Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre

2019 Frisørgrunderane Floke og Balanzera

Tilbake
Annet Innhold